tirsdag 11. mars 2014

Storglede.no

Eg elskar ordet storglede. Den nydelege nevøen min siterte mor då ho skulle skriva bursdagskort til bestevennen; "Storglede" skulle det stå. Storglede var det han ville utrykka lenge før han snakka reint, og endå mindre kunne skriva sjølv.

Storglede - friheit og takknemelegheit.

Storglede for meg er friheit og takknemelegheit. Helse, familie, venner, dyr, hage, natur, bøker, fargar, musikk, det å bobla over av kreativitet og tankar om kva ein har lyst å gjera, det ein vil prøva og få til både i nuet og i framtida.

Friheit er alt dette, og so mykje, mykje meir.

Taknemelegheit definere eg i det å vera bevisst og setta pris på alt det gode ein har rundt seg.

Takka for kvar dag og dens innhald. Vita at ingenting er ein sjølvfølge. Det at ein kan pusta av eiga maskin, eller sjå stjernene på himmelen ei mørk vinternatt. Lukta, sjå og føla på vakre blomar. Legga seg i ei rein seng kvar kveld, eller sova ute i det fri om eg vil. Eg slepp gå rundt med redsel, frykt eller bekymringar for morgondagen. Evnen til å føla på glede, smerte og sorg. Vita at det alltid er nokon der ute som er glad i meg. Alt eg eig, tinga mine og ikkje minst fuglesangen eg kan lytta til gjennom fungerande høyrsel! Reint vann, frisk luft, mat....Ein kan remsa opp i det uendelege.

Takk, takk, takk...eg takkar heile tida. Ofte inni meg, innimellom høgt og nokon gonger ropar eg. Tuuuusen takk, livet! Takk for at eg får sjangsen til å leva so best eg kan for både meg sjølv og andre.

Dess meir eg takkar, til meir vert eg bevisst på kor uendeleg mykje det er å takka for, og livet fylles meir og meir med storglede.

Storglede.no er staden der eg vil dela min kvardag, mine gleder, mine draumar og forsøka å verta endå meir bevisst på å gleda meg til no.

Her inne er det faktisk lov å vera ufordrageleg lykkeleg :)


2 kommentarer:

  1. Jeg storgleder med deg :). Evnen til å bare føle, for så respondere ( ikke bare reagere..) er ikke alltid like lett. Å se etter det positive, å søke etter det som gir deg glede, å fylle opp det ene livet vi vet vi har med alt det, er en kunst i seg selv. Du gjør/utfører noe aktivt (som kan kortes ned til ett ord, Karma) som påvirker ditt liv i positiv retning. Mao du høster som du sår :) Og dine frø er av den gode sorten ;)

    Gleder meg til å følge deg på ferden <3

    SvarSlett
  2. Åhhh..fyrste kommentaren eg har fått og so fine ord <3 Tusen takk, Nueng!...

    SvarSlett