tirsdag 10. februar 2015

Ny start, nytt eventyr, ny blogg....

Då var det altså klart for flytting. Ikkje heilt når det gjeld meg sjølv endå, men bloggen her er allerede så smått i gang med starten på eit nytt liv. Så følg meg gjerna vidare på ny adresse!

Velkommen innom...

  
eller om du vil;


-bente-

fredag 6. februar 2015

Eg søv ikkje....

..snart to veker sidan telefonsamtalen som bråsnudde livet i retninga eg lenge har drøymt om. Jobbtilbud som inkludere returbillett heim til vakre Herand. Eg har gått med ein følelse av å vera redd for å vakna i 14. dagar no, men begynnar å innsjå at draumen er blitt verkjelegheit.

Eg vaknar ikkje denne gongen....

ENDELEG.

Fem veldig fine år er snart til vegs ende, og eg er klar for nye eventyr, utfordringar og gleder på "hi sio tå fjellet".

Heimen eg har blitt so glad i skal selgast:


...og bytast ut med den heimen eg har lengta etter i fleire år:


Det er mykje å reisa i frå, men so uendeleg mykje å koma til. For å vinna må ein satsa, og ekte venner vil uansett vera med livet ut.

Dette er altså starten, på det eg håpa ville gje denne bloggen liv. 

Så, nok ein gong....ein av mine favorittar: House by the sea

-bente-